Brodtkorbarkivet – ei kjelde til kvenhistorien

Andreas Esbensen Brodtkorb i Vardø dreiv utstrakt handel med kvenene som hadde busett seg på Kolahalvøya, både med einskildpersonar og med kvenske fiskarkompani. Med ordninga og registreringa av arkivet har interesserte no tilgang på tidlegare ubrukte kjelder til deler av kvenhistorien.  Materialet gjev eit rikt bilde av den nære kontakten mellom kvenene på Kola og Brodtkorb handel i Vardø, ein kontakt det er rimeleg å anta både var eit avhengigheitsforhold og eit forhold som bidrog til at kvenene fekk betre mulegheiter til å overleve.

Av Inger Lene Nyttingnes, Prosjektleiar, Varangerarkiver (Varanger museum IKS)

“Companibog for Kvæner paa Russekysten” henta frå Brodtkorbs sitt arkiv ved Varanger museum i Vardø. Foto: Inger Lene Nyttingnes

Med ordninga og registreringa av arkivet etter Brodtkorb handel i Vardø hausten 2018 har interesserte no tilgang på tidlegare ubrukte kjelder til deler av kvenhistorien. Brodtkorb dreiv utstrakt handel med kvenene som hadde busett seg på Kolahalvøya, både med einskildpersonar og med kvenske fiskarkompani. Det er særleg seks protokollar i arkivet som er knytt til kvenene og som er titulerte «Konto for Kvæner og Nordmænd paa Russefinmarken» nr. 1 og 2, «Compagnibog for Kvænerne paa Russekysten» nr. 2 og nr. 17 (transp.), og «Kvænkladde» nr. 1 og nr. 2. Den eine kvenkladden er diverre i svært dårleg stand på grunn av brannskader, men deler av protokollen er leseleg og har blitt avfotografert ved Vardø museum.

“Kvænbog” – Kontobok for nordmenn og kvener viser detaljert bokføring av varer og tenester som har blitt selt, bytt og kjøpt, heilt tilbake til 1869, den heilt tidlege fasen av koloniseringa av Kola, og fram til 1919. Foto: Inger Lene Nyttingnes

Protokollane viser detaljert bokføring av varer og tenester som har blitt selt, bytt og kjøpt, heilt tilbake til 1869, den heilt tidlege fasen av koloniseringa av Kola, og fram til 1919. Mesteparten av materialet viser korleis ein har levert bytevarer, ofte rundfisk, hyse og lever til Brodtkorb handel og fått tilbake daglegvarer som gryn, mjøl, salt, tobakk og kaffi. Det kunne også dreie seg om leige av båt, sal av båt og byggevarer som spiker og plankar, eller om kol. Om mange kan ein lese at Brodtkorb kjøpte båten deira, for så å leige den ut til dei igjen, for ein fjerdedel av kjøpsprisen.

Den eine kvenkladden er diverre i svært dårleg stand på grunn av brannskader, men deler av protokollen er leseleg og har blitt avfotografert ved Vardø museum. Foto: Inger Lene Nyttingnes

Materialet gjev mulegheit for å følgje desse menneskja over mange år og familiar over fleire generasjonar. Dei bidreg til å synleggjere større utviklingstrekk og til å fortelje om både små betraktningar og større dramatiske hendingar. Vi kan mellom anna lese om Joh. Petter Luhiniemi som var busett i Ora at han var «gammel og sørgelig», om Carl Gulmelä i Litza kan vi lese at han «blev slaaet i hjel af» ein namngjeven person og om Johan Abraham Dørmenen og fiskarkompaniet hans på fire mann som forliste på havet og forsvann i 1896. Livet måtte gå vidare og restgjelda dei omkomne hadde til handelhuset Brodtkorb vart betalt av deira etterlatte.

Arkivmaterialet som er knytt til kvenene er tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruke det, anten det er for forsking eller for rein interesse. Foto: Inger Lene Nyttingnes

Dei seks protokollane gjev eit rikt bilde av den nære kontakten mellom kvenene på Kola og Brodtkorb handel i Vardø, ein kontakt det er rimeleg å anta både var eit avhengigheitsforhold og eit forhold som bidrog til til at kvenene fekk betre mulegheiter til å overleve. Kolahalvøya var på siste del av 1800-talet eit område russiske styresmakter meinte hadde eit stort utviklingspotensiale for økonomisk vekst, noko som også gav fridom til å krysse grensa og drive handelen mellom Vardø og busetnadane på Kola. Mange av kvenene var busett i Vardø før dei busette seg på Kola og ein del reiste også tilbake til Vardø. Ein kan og lese at fleire sitt opphald vart kortvarig – før dei reiste til Amerika, – ofte med ein betydeleg gjeldspost open i kontobøkene til Brodtkorb.

Dette arkivmaterialet er tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruke det, anten det er for forsking eller for rein interesse. Det kan gjerast tilgjengeleg på lesesal og digitalt og vi håper mange vil kunne finne glede, interesse og ny kunnskap i det.

Ta gjerne kontakt:

Inger.Nyttingnes@varangermuseum.no